Señiorita Bonita meets Chunky Holo purple

Omsider kjem eg snikande tilbake til bloggen. Ferie og det som fulgte etterpå (22.07) har gjort at ikkje blogglysta har vore på topp.

Men uansett. Årets ferielakk vart China Glaze – Señiorita Bonita med Kleancolor – Chunky Holo Purple (sistnevnte vann eg på bloggen til fabelaktige Sminkan tidlegare i sommar). Resultatet vart veldig fint, og vanskeleg å få fanga på foto. Det beste eg klarte vart dette:

Veldig nøgd. Einaste var at dette tok kjempelang tid å tørke, så eg klarte sjølvsagt å krølle til heile lakken på mange av neglane før det var skikkeleg herda.

Etter 10 dagar på rundreise i Europa såg lakken slik ut:

Ja, eg veit dette ikkje ser ut som samme lakken, men det er det altså. Chunky holoen kom berre ikkje fram i dette lyset. Sårri! Men som de ser så har lakken klart seg overraskande bra på ferie.  Neglen på litlefingeren fekk seg ein flekk med IsaDora – Ocean Drive etter at eg måtte lakke tåneglane på nytt etter fotbehandling kor dei fjerna min fine sommarpedikyr og berre la på BLANK LAKK(!) etterpå! Kva er det for noko? Følte meg naken 😛 Så måtte fikse sjølv. Heldigvis hadde eg kjøpt Ocean Drive dagen før. Phew!

Reklame
Dette innlegget vart posta under China Glaze, Kleancolor og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Señiorita Bonita meets Chunky Holo purple

  1. Karoline - Nationail Photographic seier:

    Ooh!! Finfin kombinasjon!! 🙂 Godt å ha deg tilbake! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s