MUS – Madeleine

Omsider har eg gått til anskaffelse av neglelakk frå Make Up Store (MUS). Det måtte sjølvsagt bli ein holografisk. Eigentleg var planen berre å kjøpe Aqua Fix (baselakk for holografiske lakkar), men så klarte eg ikke unngå å plukke med meg ein av dei holografiske lakkane deira også. Etter nokre indre diskusjonar med meg sjølv, og etter å ha konferert med Ingrid så falt valet på Madeleine. Ved første augekast ser den ikkje spesielt spennande ut, men skinnet kan jo (som kjent) bedra.

Det er nesten som at det er ein nude holografisk lakk. Som de ser er den ein skinnande skatt allereie på dette biletet, men berre følg med no. Det blir betre:

Tatt med kunstig lyskilde og med blitz. Fekk fram fargane godt, men overgangane er ikkje så harde eigentleg.

Alle regnbogens fargar jo! Eg er veldig fascinert.

Forresten så er eg veldig nøgd med å ha fått eigen baselakk til holografiske lakkar. Det gjer jobben så mykje enklare. Definitivt verd pengane om du har nokre holografiske lakkar. Dog skal det seiast at eg f.eks ikkje har hatt nokre problem med påføring av hverken dei holografiske lakkane frå Catherine Arley, eller Nubar. Holographic frå GOSH, kan med fordel lakkast over f.eks Aqua base, frå MUS. 

Lakkane frå MUS kostar 130 kroner, og dei inneheld 8ml. Både Aqua Fix og dei holografiske lakkane deira kan eg anbefale.

Reklame
Dette innlegget vart posta under Holografiske lakkar, Make Up Store og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

8 Responses to MUS – Madeleine

  1. Stine Marie seier:

    Denne har jeg også 😀 Men har ikke fått prøvd den ennå. Jeg bruker også MUS sin Aqua fix og er veldig fornøyd med den 🙂

  2. Karoline - Nationail Photographic seier:

    Ooooh, må nesten ta meg en tur til Make Up Store en dag.. 🙂
    Butikken deres her i Stavanger er liksom litt utav veien på en måte så blir aldri til at jeg går dit.. 🙂 (kanskje like greit egentlig? hehehe)

  3. meg seier:

    For en søt lakk 🙂 selges de fortsatt? jeg hørte noe om at de ikke fantes lenger.

  4. Elisabeth seier:

    Trenger man den aqua fix lakken for å bruke de holografiske lakkene? eller går det uten?

    • vakkerlakk seier:

      Eg har ikkje prøvd dei holografiske lakkane frå MUS utan aqua fix under, så vil tru det kan variere. Problemet med holografiske lakkar er at dei ikkje festar seg til neglen så lett, så ein må ha ei litt matt base. Ellers kan det bli nakne flekkar på neglane. Har lest (men ikkje prøvd sjølv) at enkelte brukar sånn matt top coat som baselakk under holografiske lakkar, og at det fungerer fint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s