Så utruleg gøy at så mange har meldt seg på giveawayen allereie. Og det er sjølvsagt plass til fleire, så om du ikkje har meldt deg på enda, sjå forrige innlegg og meld deg på i kommentarfeltet 🙂
Så til dagens neglar. I dag har eg faktisk også friska opp lakken på tåneglane. Det er sjølvsagt fordi det er sol og fint vær i Oslo for andre dag på rad. HURRA! Eg lurte lenge på kva farge eg skulle gå for, og endte opp med Barry M – Cyan. De får ikkje bilete av det, for det første fordi eg har vist fargen her nylig, og for det andre så vil eg skåne dei som eventuelt skulle lide av tå-fobi 😉
Jaja, men så tilbake til dagens fingerneglar. Sidan eg i giveawayen gir vekk ein holografisk lakk, måtte det nesten bli det. Så då valde eg forrige månads pedikyrlakk, nemleg Nubar – Reclaim. Det er ein kjempefin grøn, holografisk lakk. Eg kjøpte min på eBay, og eg trur det er eit par igjen til sals der. Den kan anbefalast. Er lett å legge, utan nokon spesiell underlakk (eg brukar for tida Seche Recondition, men har gått fint med OPI – Nail Envy også).
Tatt innandørs i ei stripe av sol som kom frå vindauge. Bakgrunnen vart veldig mørk.
Tatt innandørs litt seinare på dagen. Altså, ikkje i direkte sollys. Likevel er det ein fin holografisk effekt.
Til slutt vil eg berre vise eit litt dårleg mobilbilete som er tatt ute i direkte sollys.
Som de ser er det veldig stor forskjell på lakken som du ser i skuggen og den som er i sola. Bling bling bling 😀
Utrolig nydelig grønnfarge!
Ja, den er skikkelegskikkeleg fin 🙂
Skikkelig fin grønnfarge! 🙂 Kjempepene negler du har forresten!
Åh, takk 🙂
Å den var fin! 😀
mhm 😀
Det er et par måneder siden jeg fikk i hus min Reclaim, og jeg har knapt brukt annet siden. Den er så fantastisk både i utseende, påføring og varighet! Foreløpig min eneste hololakk, men definitivt ikke den siste 🙂
DIGG! Den er utruleg fin. Dog, min har byrja å chippe litt i kantane allereie i dag, men så har eg jo vore i bassenget og då 😉 Men hololakk<3
Denne står på ønskelisten. Finnes ikke ord. Så utrolig vakker 😀
Og tusen takk for at du skåner oss med tå-fobi for bilder. Jeg har sluttet å lese mange neglblogger pga enkelte folk legger ut bilder av sine tær 😆 Ja, jeg har ekstrem forbi for tær. hehe.
Haha, sant. Visste de fantes der ute 😉 eg har ikkje tå-fobi, men reagerer jo på close-ups av tær likevel 😛 men er det så ille at du ikkje kan sjå på det om det er bilete av tær i sandalar? Litt sånn på avstand? 😛
Det er ikke så ille, men jeg synes ikke det er veldig behagelig å se på det: lol:
Hehehe, nei, det forstår eg 🙂
Lovely!