Har du brukt ein lakk i nokre dagar og byrjar gå lei, men ikkje har tid/ork til å fjerne all lakk og leggje ny, kan ein effektlakk redde dagen din. Slik var det i alle fall for meg i går. Den lilla lakken frå Barry M er veldig fin, men eg følte for noko nytt. Men då eg hadde vore lengje oppe dagen før og sove dårleg om natta etc. orka eg ikkje ein total omlakkering (høhø). Difor fann eg fram GOSH – Rainbow, som er ein klar base med mykje flakglitter i.
Eitt strøk over Barry M-lakken ser slik ut i litt ulike vinklar:
Forstår de kva eg meiner? Herligheit så fint det vart. Eg er supernøgd. Rainbow minnar om 2010 frå Nubar, MEN den har større flak, og eg synest at den skin meir i grøn enn 2010 som eg stort sett berre ser oransje/bronsefargar i. Men om du ikkje har GOSH – Rainbow kan du sjølvsagt bruke 2010 frå Nubar, men vær obs på at du gjerne må ha 2-3 lag for å få like sterk effekt.
Eg trur GOSH –Rainbow ikkje er i sal lenger, men er ikkje 100% sikker.
Translate: Used one coat GOSH – Rainbow to transform Barry M – Bright purple. Rainbow is a flake polish, with a clear base. Love it. An alternative to using GOSH – Rainbow can be Nubar – 2010, but use 2-3 coats as the flakes in 2010 are smaller.
Helledussen.. tenk å ha en slik vakker lakk!! ❤
Ja, tenk at eg har det 😀 Du finn sikkert Nubar 2010 på ebay om du vil ha noko liknande 🙂
Nydelig! Denne har jeg aldri sett før, men falt helt pladask! Heldig du er som har denne må jeg si!
Ja, den er veldig fin. Veit som sagt ikkje om den er i sal lengre, men Nubar 2010 er eit godt alternativ 🙂
Utrolig hvor annerledes Barry M lakken så ut med denne over. Nydelig 😀
Jeg har holo-lakken på en finger i dag hehe.. måtte teste ut fargen 😛
Kan du lage et innlegg med den?
Bra. Den er veldig fin. Kan lage innlegg om den snart. Om du søker i søkefeltet finn du eit gammalt innlegg 🙂