Barry M – Cyan

Det vart ein blå lakk som vart testobjekt nr 2. Eg var nemleg veldig spent på lakken som heiter Cyan. Barry M har kanskje ikkje verdas mest spennande neglelakknamn, men lakkane er veldig fine likevel. Og i tillegg set eg pris på namnet Cyan då det er ein farge eg er veldig glad i. Av primærfargane så er nok den favoritten 😉

Jaja. Nok snakk.

Denne lakken er så fin i seg sjølv at eg ikkje fekk meg til å ha noko konad eller anna pynt på. Denne klarar seg fint på eigehand.

Verkeleg ein nydeleg lakk. Og veldig lett å påføre også. Skikkeleg kremete og fin. På dykk som har litt kortare neglar enn meg så kan de nok klare dykk med eitt lag. Eg tok på eit andre lag for å vere sikker på å unngå VNL.

Som eg har nevnt såvidt tidlegare så er det ikkje så mange stader ein får kjøpt Barry M i Noreg. Men det er jo snart sommar og ferie og somme av dykk skal kanskje til utlandet, og der kan det jo vere de finn Barry M-lakkar og om de så gjer, så KJØP DENNE LAKKEN! 😀

Og så til slutt, før eg hoppar i dusjen og så i seng, så byr eg på eit nærbilete (eigentleg berre eit utsnitt frå første bilete, menmen):

Nam! Ser den ikkje god ut?  Det er forresten ikkje noko topplakk på desse bileta 😉

Translate: Showing one of the Barry M polishes I bought in London about a week ago. Loving this bright Cyan polish. Here is two coats over Seche Vite Recondition base coat. No top coat 🙂

Reklame
Dette innlegget vart posta under Barry M og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Barry M – Cyan

  1. Veldig fin og veldig blå.. hehe 🙂

  2. Hei! :) seier:

    Ser nydelig ut! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s