Tilbake frå London

 

No er eg tilbake frå London. Eigentleg kom eg heim i går, men orka ikkje oppdatere bloggen med ein gong.

London var veldig bra, som vanleg, og me har hatt ein veldig fin tur. Høgdepunktet (og grunnen til at me reiste dit) var Roger Waters – The Wall Live i O2 arena på laurdagen.

Men det vart litt sminke og neglelakkshopping også. Eg gjorde det kunststykket å reise frå augeskuggane mine i Noreg, og kom utan til London! Heldigvis hadde eg vore oppegåande nok til å få med meg blushane mine som eg har frå Makeup Mekka. Det redda meg dei første dagane før eg kom meg til ein Superdrug-butikk og fekk handla inn Sleek Makeup-palettar. Medan eg først var der fekk eg raska med meg 7 neglelakkar frå Barry M, pluss eit par Sleek-leppestiftar. Mannen i kassa spurte meg høfleg om eg hadde funne alt eg såg etter, og eg svarte at det hadde eg, og meir til. «Yeah, it looks like you got a bit carried away there», la han til 😉

Velvel. I dag var det tilbake på jobb, og eg merka at jobbhjernen hadde lagt i dvale nokre dagar. Men det gjekk bra til slutt. Var i alle fall godt å koma heim frå jobb og få lakka neglane igjen.

Dette er lakkane eg kjøpte frå BarryM. Eg kan allereie no leggje til at dette var dei einaste lakkane eg kjøpte på turen 😮

BarryM har mange fine lakkar, og eg veit at fleire norske nettbutikkar sel eller har seld lakkar frå BarryM. Det er forsåvidt fint. Det som ikkje er fint er når budsjettlakkar må gå gjennom så mange ledd og får så mange påslag at dei blir prisa like dyre som «High end»-lakkar, eller kva ein no skal seie. Velvel. Lakken lengst til høgre er ein effektlakk, på lik linje med IsaDora sine graffitilakkar.

I dag valde eg å teste den korallfarga lakken eg kjøpte. Litt usikker på fargegjengivningen, men me prøver likevel:

Deilig korallfarge som ikkje heller for mykje mot raudt.

Valde å sprite det opp med litt mønster i komplementærfargen blå. Henta fram ei BM-plate og blå konadlakk og stempla i veg.

Ikkje det skarpaste biletet til slutt der altså, men det får no fram poenget 😉

Reklame
Dette innlegget vart posta under Barry M, Bundle Monster, Sminke og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

11 Responses to Tilbake frå London

  1. Elizabeth seier:

    Er fargen du har på neglene den neglelakken som er helt til venstre på «oversiktsbilde»? Isåfall var den veldig fin 🙂 På neglene dine ser den veldig oransje ut – om det er den samme lakken da 😉 Hvilken konadplate har du brukt?

    • vakkerlakk seier:

      Det er samme lakken, ja. Den ser nok litt meir oransje ut på neglane. Fekk ikkje heilt til å gjengi fargen på bilete. Skal prøve å leggje ut nytt bilete litt seinare 🙂 Har ikkje brukt konadplate. Det er Bundle Monster-plater. Hugsar ikkje nr i farta, men skal sjekke det opp til eg legg ut nytt innlegg om samme lakk/manikyr 🙂

  2. Gleder meg til å se den gule. 🙂

  3. Kia seier:

    Barry M har mye fint. Jeg jobbet på Roger Waters i Oslo, så jeg så han der! Gleder meg til å se crackle Barry m

    • vakkerlakk seier:

      Ooh. Jobba du på Oslokonserten? Stilig. Eg var der og eg (på laurdagen). Hehe. Oslokonserten var kjempebra, men London enda betre 😀

  4. stinemariek seier:

    Wow så mange fine farger 😀 Jeg skal til London i august på festival, tror jeg må sette av litt tid til å se etter noen Barry M lakker da. Og jeg så The wall i Oslo, en uforglemmelig konsert 😀

    • vakkerlakk seier:

      Ååå, heldig som skal til London. London er ein fantastisk by. Kva festival skal du på? Sjå etter neglelakkar ja. Dei har jo mange andre fine lakkar som ikkje kostar skjorta der også (og nokon som er dyre sjølvsagt), Collection 2000 har f.eks ein Hot Colors-serie med fine lakkar 🙂

      • Stine Marie seier:

        Har aldri vært i London før, så gleder meg veldig 😀
        Jeg skal på Reading Festival. Skal se om jeg finner Collection 2000 😀

      • vakkerlakk seier:

        Gled deg til London. Eg anbefaler å ha med boka »gatelangs i london». Den har fine utbrettskart som gjer det lett å finne fram 🙂 collection 2000 har dei på Boots.

  5. Stine Marie seier:

    Den kommentaren var fra Stine Marie K (www.joyful.blogg.no) btw. Glemte å logge av wordpress kontoen min 😆

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s