NOTD – Porcelain

For 11 år sidan var eg i England på klassetur med 10. klasse på ungdomsskulen. Og i England skulle det vise seg at dei hadde mykje stilig negleting. Hugsar eg kjøpte nokre skikkeleg fine lakkar. Men det verkeleg kule eg fann var water decals, med airbrush-effekt. For å forklare det enkelt så minnar det om sånne midlertidige tatoveringar som ein før fekk i ulike tyggisar etc. Som ein berre fuktar med vatn og overfører til hud. Water decals er eigentleg det samme, berre at det er for neglar. Mønstra eg hugsar aller best av dei eg kjøpte i England var nokre portrettbileter. Eg var 15 år og det var noko av det kulaste eg hadde sett.

Som de forstår så er denne neglepynt-interessa noko som har fulgt meg lenge. Sjølv om den til tider har dabba litt av. Etter at eg oppdaga eBay og utanlandske nettbutikkar så har interessa fått ei heilt ny oppblomstring.

Så sat eg no her i sofaen ein dag då, og kom brått på desse airbrush-tatoveringane eg kjøpte i England for 11 år sidan. Og dermed var jakta i gang. Eg klikka heim nokre ark med water decals, og i kveld tok eg dei endeleg i bruk. På kjøkenbordet plasserte eg følgande ting:

Så var det berre å sette igang. Eg lakka neglane med kvit basefarge (CND – Brilliant white). Så var det berre å klippe motivene frå kvarandre, dyppe dei i vatn i 20-30 sekund og overføre til neglen. Og deretter dutte og tilpasse og få vekk bobler og allslags slik at motivet vart glatt og fint. Ein må ha litt tolmod med dette. Er litt pirkete. Det som kom utanfor neglen klipte eg vekk med neglesaks.

For å seie det sånn. Eg treng nok litt oppfrisking og øving før det blir perfekt (og ikkje nevn neglebanda eingong. Straks dette innlegget er posta skal eg sporenstreks dynke dei med negleolje!), men gurimalla kor kjekt det var. Resultatet ser jo smashing ut på avstand i det minste. Neidå, det er ikkje altfor ille på nært hold heller, men eit par av motiva sprakk opp litt og vart litt meir blurry enn dei andre.

Tittelen på innlegget kjem av at då Thomas (sambuaren) såg desse så tykte han dei minna om kinesisk porselen. Og eg er jo litt einig i det 🙂

Kva med deg? Har du prøvd dette tidlegare? Eller kanskje vart du inspirert til å prøve no?

Translate: After taking a trip down memory lane i remembered buying airbrushed water decals in England 11 years ago during a school trip. After a little searching online I ordered a few sheets water decals. Tonight I finally tried them and this is the result. I need some practice and refreshing of old skills, but I am fairly satisfied with the result 🙂

Dette innlegget vart posta under CND, NOTD, water decals og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

24 svar til NOTD – Porcelain

  1. Elizabeth seier:

    Noe så utrolig stilig 🙂 Dette har eg ikke sett før!!

  2. Ling seier:

    desse var utruleg fine! eg foretrekk eigentleg einsfarga negler, eg, men no fekk eg faktisk lyst til å prøve noko anna. det spørs om eg skal sjå etter slike water decals 🙂

  3. Tine seier:

    De var jo skikkelig kule da! 🙂

  4. Oooo .. .artig! Hvordan var det å påføre på “feil” hånd? 😛

    • vakkerlakk seier:

      Det var ikkje så vanskeleg det. I og med at det er vatn på dei, så kan ein enkelt plassere dei der ein vil, er f.eks ikkje som med klistremerke som klistrar seg fast med ein gang. Der må ein jo vera presis for at det skal funke.

  5. Kia seier:

    Dette har jeg sett bilder av før! Og det er jo utrolig stilig!

  6. Makira seier:

    Vakkert!

    Jeg har kjøpt neglestickers på ebay og noen ganger skriver de både “stickers” og “decals”. Det er litt forvirrende, for stickers er tross alt litt letter og det er det jeg vil ha (til jeg blir mer dreven ;).

    Du har vært flink til å få det pent, synes jeg.

    Mvh Makira

    • vakkerlakk seier:

      Trur både stickers og decals kan vera det same, men ikkje heilt sikkert. Desse som eg har brukt her er i alle fall water decals, sånn at ein veit at ein må bruke vatn. Fordelen med water decals kontra klistremerker er at ein får betre tid til å plassere dei. Klistremerker set seg jo fast med ein gong, og kom dei ikkje der ein ville så må dei liksom berre vera der. Så det er ikkje så skummelt som det kanskje virkar med water decals 🙂

  7. Thea seier:

    Heisann<3 Alle dere neglebloggere har inspirert meg, så nå har jeg også begynt å blogge! Hadde satt utrolig stor pris på kommentarer! <33 Klem

  8. Nailtastic seier:

    Vad vackert! En perfekt vårmanikyr!

  9. Embla seier:

    Oi, skikklig kult, trur eg må prøve det! btw, veit du kor ein får tar i China Glaze neglelakk i Norge, i butikkar og sånt? 🙂

  10. Maretingen seier:

    Veldig fine! Morsomt å prøve nå som jeg er så lei av Konad 🙂

    Til Embla: http://www.saapebobla.no har noe China Glaze.

  11. maggy seier:

    Hei, kjempe nydelig:) dette må jeg også prøve:)))
    Klem

  12. Sminkan seier:

    Så extremt snyggt! Jag saknar ord! Exakt så vill jag också ha!

  13. sorbet seier:

    utrolig kult!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s