No skal eg gjere noko her som eg aldri har gjort før. Nemleg å legge ut ein «sminkelook». Eg er ingen proff makeup artist, men eg syns det er så kjekt å berre slå seg laus med alle slags fargar og kontrastar. Og no denne sesongen er det jo i vinden med knallfargar, så då må eg øve litt.
Ser jo at eg med fordel kunne rota fram vippetanga, men me kan jo late som at nedovervipper er på moten no 😉
Alle augeskuggane er frå to ulike 120-palettar (kjøpt via eBay). Trikset for å få fargane til å «poppe» er å bruke ein god primer (eg har her nytta Eyeshadow Base frå ArtDeco), og å bruke ein kvit base (eg brukte NYX Jumbo eye shadow pencil i fargen Milk), og deretter er det berre å slå seg laus med ulike fargar. Er også veldig lurt å bruke gode sminkekostar. Eg brukar sminkekostar frå hovudsakleg Sigma og MAC som begge har veldig gode kostar. Sigma er definitivt billegast, så om ein skal ha mange kostar på ein gong kan eg tilrå Sigma. MAC er mykje dyrare, så det kan kanskje vere ein fordel å velge ut dei kostane som er MAC er veldig gode på. MAC sin 217-kost er f.eks veldig god både til påføring og blending/dusing, og er kanskje den kosten er har sett anbefalt aller mest.
Kva med deg? Er du gira på knallfargar denne sesongen, eller synest du det blir for klovnete og kunne aldri tenke deg å gå med noko slikt sjølv?
Se på deg da! Så utrolig flott 😀 Elsker sterke farger på sminken selv 😀
TUSEN TAKK! No vart eg glad! 🙂
Kjempefine farger 😀 Jeg stemmer for flere sminkelooks hehe 😛 Jeg er også definitivt giret på knallfarger 🙂
😀 Så kjekt. Skal prøve å få til fleire sminkelooks! Har masse fargar å ta av i alle fall 😀
Fine fargar! Eg liker generelt knallfargar, eg, og i vår har det gått mykje i oransje, blått og grønt. Kvar for seg, men knall like fullt 🙂
Så flott! Det gledar meg å høyre at folk brukar knallfargar (generelt gledar det meg at folk brukar fargar i det heile tatt. hihi). Har sjølv brukt mykje oransje i det siste. Har blå auge og likar å framheve det litt ekstra av og til 🙂
Det var jo kjempestilig! Jeg kunne gått med det. jeg elsker farger!!! 😀
Så kult 😀 Det likar eg å høyre!
d va kjempe fint:) du e jo kjempe flink å sminka dg:) eg og stemme for at du ska ha flerne sminkelooks;)hehe
Tusen takk! No vart eg jammen glad 🙂 Kjem nok fleire sminkelooks etterkvart. Er berre å følge med 😉
Åh hjälp vad scary, jag gjorde en liknande makeup med samma färgkombo och då hade jag inte sett detta inlägg! Great minds think alike 😛
Haha, så moro! 😀