I samband med konkurransen min kor eg gav vekk hjul med fargerike steinar, så oppdaga eg ein del neglelakkbloggar som eg ikkje kjende til frå før. Ein av desse var bloggen til Kia som handlar om neglelakk og cupcakes. Der inne er det mykje snacks. Muffinsane/Cupcakes(ane) som ho legg ut bilete av er jo berre til å få vatn i munnen av. Men Kia kan også lakke neglar, og då eg såg denne manikyren her visste eg at eg måtte stjele ideen. Passa jo veldig fint at me kjøpte yatzy på danskebåten her for litt sidan, då fekk eg jo rekvisittar til bilettakinga i same slengen.
Tre lag CND – Brilliant White, over eit lag OPI nail envy basecoat. Toppa med eit lag seche vite topcoat for at det skulle tørke fortare. Deretter har eg brukt prikkeverktøy/dotting tools for å prikke på terningprikkar med ein svart lakk frå Constance Carrol. Oppå der igjen er det eit nytt lag med Seche Vite top coat :p Eg vurderte å ha matt overlakk/top coat på, men ombestemte meg i siste liten. Så no vart det slik. Og eg er nøgd med det 😀
Skikkelig stilig! 🙂
Tror det er like greit at du ikke brukte matt topcoat, brukte det selv på hvit neglelakk og det så ut som at jeg gikk med korrekturlakk på neglene. Ikke så vellykket altså. 😛 Mulig de svarte prikkene ville ha fått det til å se ikke-så-korrekturlakk-aktig ut. 🙂
Ja, eg vart redd for at det skulle sjå ut som korrekturlakk, så då vart det blank lakk 🙂
Knallstilig 😀 Så det på bloggen du linket til også 🙂
Hihi, ja eg er kjempenøgd med resultatet. Kjekt å finne inspirasjon frå andre bloggarar 🙂
Jeg ELSKER denne! Lag sånn på meg NÅ 😉
Hihihi. Okay 😉
Den var jo råkul da!
Takk! Eg er såååå nøgd med korleis det vart til slutt 😀
Den ble jo kjempe bra! Likte at du brukte blank top coat istedet for matte, som jeg brukte!
Takk! Syns det vart bra med blank topcoat, men likte og den matte effekten du fekk til 🙂
Snyggt! Jag måste klicka hem dotting tools snarast, älskar prickar!
Jaaa, det må du altså! Dotting tools er verkeleg verdt å skaffe seg.
Å vad skojjigt 😀 Jag länkade till dig från min blogg, jag gillar verkligen alla dina fina nail arts!
Åå, så kjekt 🙂 Takk!