Eg har ikkje kome meg heilt frå holografifeberen min, så de må halde ut med litt fleire swatches av CA-lakkar.
I går fekk sambuaren velgje farge, og han plukka ut nr 667. Det er ein grå holografisk lakk som er veldig veldig fin. Berre sjå her:
Fin kva? Og berre ta det med ro. Eg har mange fleire bilete på lager:
Eg er heilt frelst. Denne var også veldig lett å påføre. Dette er tre lag, med eit lag seche vite top coat på toppen.
Eg kan absolutt anbefale desse lakkane. Dei er litt kronglete å bestille. Skal prøve å få skrive litt om det ein dag, men inntil vidare kan du lese guiden som neglelakkmani har skrive.
Synes du SV går an å bruke over hololakker altså? Jeg synes at den svekker den holografiske effekten
Hmm, på Catherine Arley-lakkane har eg ikkje merka nokon forskjell. Dei er jo ikkje så holografisk i utgangspunktet. Har ikkje orka investere i ein eigen holo-overlakk, men kanskje på sikt 😉