No name – color 27

Eg har prøvd ein av dei billege lakkane frå Danmark. Eg kjøpte dei på ein butikk som heitte Tiger (www.tiger.dk). Dei kosta 10 danske kroner per stk, og dei hadde mange fargar.

Fargane har ikkje namn, berre nummer. Nr 27 som eg har prøvd er ein mørk grøn lakk. Og den tørkar mørkare enn den er i flaska. Den var litt klønete å påføre, så eg anbefaler den ikkje til nybyrjarar. Men er du van med  å lakke neglane så går det greit med litt ekstra innsats.

Hovudproblemet med denne lakken, slik eg ser det er lukta. Den luktar ikkje neglelakk, den luktar maling. Og det synest eg jo er litt mystisk. Og lukta forsvinn liksom ikkje heilt heller før etter fleire timar og fleire rundar med vasking av hendene.

Biletet viser 2 lag grøn lakk over eit lag base coat, toppa med seche vite top coat. Biletet er tatt dagen etter påføring.

For å oppsummere kan eg vel seie at eg ikkje er veldig imponert over denne. Skal teste dei andre også for å sjå om dei er lik før eg kjem med ei klår avbefaling😉

Dette innlegget vart posta under Uncategorized og merkt , . Bokmerk permalenkja.

6 svar til No name – color 27

  1. sivlene seier:

    Heisann!Ville bare si tusen takk for pakken og den koselige lappen jeg fikk i posten i dag:)
    SivLene

  2. Embla seier:

    hei! Veit du kor man kan få kjøpt rhinestones i vanlege butikkar? Ikkje ebay osv. men sånn som f.eks. Panduro?😉 Har forferdlig lyst på sånne steinar, men vet ikkje kor eg kan kjøpe..så om du vet, hadde det vert fiiint :))

    • vakkerlakk seier:

      Dei har nok på panduro, men såvidt eg veit er desse større enn dei som vanlegvis blir brukt til neglar. Veit også at dei har hatt på cubus og vita. Dei har tidlegare hatt små pakker med kanskje 100 steinar i. Eg ville sett der🙂

  3. Renate seier:

    Jeg har 2 neglelakker fra samme “merke”, di er ikke så veldig gode, nei.. Selv om di har en del fine farger🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s