Tips: Graffiti på kryss og tvers

Dei aller aller fleste søka som leiar til bloggen min er «graffiti lakk» «isa dora graffiti» etc. Dette viser at graffitilakktrenden framleis er stor. Eg elskar graffitilakkane. Eg har berre prøvd dei frå IsaDora, så eg kan ikkje uttale meg om kvaliteten på f.eks Depend, China Glaze Crackle eller Opi shatter. Depend har eg heller ikkje høyrt noko om, medan China Glaze har fått blanda kritikk for sine. Ein del dårleg. Opi har eg lese positivt om, og dei lanserer snart ein sølvfarga shatter-lakk som eg kan tenkje meg.

Men til hovudsaka. Graffitilakk. Om det er nokon av dykk som les her som ikkje har fått med seg denne trenden, så går det altså på lakk som ein legger over ein basefarge. Denne lakken har ein formula som gjer at den trekkjer seg saman, og lagar ein stilig effekt. Synest IsaDora har truffe veldig på å kalle det «graffiti», sjølv om «crackle» også er veldig beskrivande for det som skjer.

Her på bloggen har eg vist fleire manikyrar med graffitilakk. Mellom anna denne her:

Her er den blå graffitilakken påført over ein grønn basefarge. Den blå er påført akkurat som vanleg lakk, men i berre eitt strøk. Som de ser blir det litt avlange «striper» når lakken trekkjer seg saman ved tørking.

Men ein kan også påføre graffitilakk på fleire måtar. Kva med å f.eks påføre den litt på kryss og tvers? (ja, det kan vera ei utfordring med wide brush som er på IsaDora-lakkane, men hugs på at det som kjem utanfor lett kan takast vekk med ein q-tip dyppa i neglelakkfjernar/aceton).

Synest det vart eit artig resultat. Kjekt å eksperimentere litt. Dette er ein av dei nye graffitilakkane i fargen «Latte Queen» over lakken (som eg trur heiter) «No Mambo Jambo» frå H&M.

Til dei av dykk som kjem inn hit til bloggen fordi de lurar på kor ein får kjøpt graffitilakk: Eg veit i alle fall at dei kan kjøpast på H&M, Kicks og Vita. Muligens Cubus også?

Er du også hekta på graffitilakk?

Translate: Showing the difference between a regular applied crackle polish, and one applied diagonaly or in a  V-shape. Looks like two different crackle polishes (they are the same brand, just differend colors).

Reklame
Dette innlegget vart posta under H&M, IsaDora, IsaDora graffiti nails, tips og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Tips: Graffiti på kryss og tvers

  1. Likte veldig godt den turkise fargen fra HM. Ønsker meg sko i samme farge hehe 🙂

    • vakkerlakk seier:

      Den er veldig mykje skarpare IRL! blir tull med fargane for tida sidan eg må poste frå annan pc, og den har heilt feil kalibrert skjerm 😦

  2. Ja, det er veldig vanskelig å få frem den perfekte fargen. Men jeg har uansett kommet over turkise conversesko hihi … har lyst på 😉

  3. Elizabeth seier:

    Har sett en del bilder hvor grafittilakken er lakkert på neglene i ulike retninger – det blir utrolig stilig, men har ikke fått prøvd det selv enda 🙂 Har to slike fra Depend, og de er også bra 🙂

    • vakkerlakk seier:

      Ser for meg at skrålakking med dependlakkane er enklare enn med isadora, sidan depend har smalare/mindre kost, så det bør du prøve 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s