NOTD – A little more

Først av alt må eg seie at eg er imponert over kor mange som har meldt seg på smiskeminigiveawayen min. Trur eg trekkjer vinnarane i morgon kveld, så følg med då🙂

I dag har eg lakka med Misa – A little more. Kjempefin mørk rosa/bringebærfarga lakk. Var ein draum å påføre. Verkeleg altså.

Valde å finne fram Konad i dag også, og få stempla litt. Pluss få på nokre rhinestones. Var sååå fornøyd med meg sjølv for at eg fekk lakka neglane og fotografert dei medan det enda var dagslys… Det var heilt til eg lasta dei inn på pcen no og fann ut at så godt som alle var uskarpe. Høhø.  Men bilete skal de få altså:

Lakken er altså Misa – A little more. Stempla med konadplate m61 og kvit spesiallakk frå Konad. Svarte, lilla og gule rhinestones (frå same type hjul som eg gir vekk to av no i desse dagar). I etterkant kom eg på at eg har brukt nesten akkurat denne manikyren før ein gong også. Då med ein litt lysare rosa lakk frå e.l.f. og med berre gule steinar. Jaja, kan vel ikkje vera veldig nyskapande alltid vel?😉

Translate: NOTD is A little more by Misa. With image from konad plate m61, stamped with white special polish, also by Konad. Also put on black, yellow and purple rhinestones. Did realise a while after that I have showed almost exactly this mani before, only with a slightly lighter pink and using only yellow rhinestones in the flowers. Oh well.

Dette innlegget vart posta under Konad, Misa, NOTD og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

4 svar til NOTD – A little more

  1. Elsker misalakken min. Den er så superenkel å legge på.🙂

  2. Hvor kjøper du dine?🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s