OPI – Austin-tatious Turquoise

Endeleg fått lasta over litt bileter så eg kan oppdatere bloggen. For eit slit å ikkje ha laptop tilgjengeleg :S Men nok om det. Kjekt å sjå at så mange er innom bloggen til tross for at innlegga ikkje kjem på løpande band.

I dag vil eg gjerne vise ein av lakkane eg har kjøpt frå Texas-kolleksjonen til OPI. Har vist ein tidlegare, og då klaga eg over at den var så transparant at den ikkje kledde mine neglar. Men no folkens, no har eg altså korte neglar, så dette blir andre bollar😉

Eg er utruleg svak for turkise/blågrøne/blå/grøne lakkar. Eg plar vanlegvis ikkje kjøpe så mange lakkar som er så lik i farge (dupes f.eks, brukar ikkje interessere meg), men når det gjeld turkise/blågrøne lakkar så klarar eg nesten ikkje styre meg. Difor er det som regel alltid ein blågrøn lakk med når eg bestiller via internett.

Austin-tatious Turquoise er ein blågrøn lakk, med massevis av fint skimmer. Den er også veldig lett å lakke med, og resultatet blir veldig fint. OPI er jo kjend for å ha veldig gode lakkar.

Det er litt vanskeleg å få rett farge på denne lakken har eg funne ut. I alle fall når eg sit på ein ukjend pc kor eg ikkje heilt kjenner skjermen og korleis den gir att fargane. På dette biletet ser eg att veldig mykje grønt, til dømes …

Medan dette er meir blått. Ikkje enkelt det der altså.

Så då var det jo like greit å få på litt konad.

Biletplate m61 + pastellgrøn spesiallakk frå Konad.

Dette innlegget vart posta under OPI og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Èitt svar til OPI – Austin-tatious Turquoise

  1. Fantastisk fin! Du er jo fin med korte negler også🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s