Først, PCEN MIN ER ØYDELAGD! BUHUUUUUU!
Dette innlegget skulle altså koma i går, men då ville plutseleg ikkje straumforsyninga til pcen levere straum til pcen meir. Så då måtte eg berre få sikkerhetskopiert bileter og sånn før batteriet gjekk tomt. Så no må eg altså ha ny pc (laptop), og til det treng ein pengar, så eg må spare litt. Men skal vera flink og prøva å få oppdatert likevel altså.
Over til det eg eigentleg skulle skrive om. Nemleg neglelakk.
Då eg først såg swatches (kva seier ein på norsk? prøvelapp? hahahhahaha) av Anchors away-kolleksjonen til China Glaze, visste eg at eg måtte ha Pelican grey. Berre sjå her…
Lys grå lakk med subtilt skimmer. Veldig delikat og fin.
Eg har berre falt pladask for denne lakken. Sjølv om eg er fargeentusiast og denne er lys grå 😉
Dette er to lag over OPI – Nail envy baselakk, utan toplakk. Lakken er veldig god å påføre og hadde overraskande god dekkevne til å vere så lys. Stjerne i margen!
Så, medan eg sto og fotograferte desse så kom eg fram til at det hadde vore knallfint å pynte med polkadots i fine, dempa fargar. Og som tenkt så gjort – her er resultatet:
(Ja, du ser rett, det er forskjellig lys på desse bileta her. Utan dekor vart teken om kvelden, medan dette (og det neste) i dagslys dagen etterpå, sidan batteriet til kamera gjekk tomt. Ja, eg har to batteri, men hadde gløymt å lade backupen 😉
Prikkane er følgande lakkar: CG – Below Deck, CG – Peachy keen og Essie – Sew Psyched. Eit lag Seche vite topplakk over.
Eg er nøgd med resultatet (i alle fall på denne handa 😉
Translate: Showing Pelican grey by China Glaze, featuring polkadots.
Also, my laptop is dead, so I have to buy a new one. But will try to still update the blog.
Hehe, må le litt av meg selv. Etter at jeg så denne swatchen (eller prøvelappen?:)) måtte jeg rett inn på ebay og kjøpe Pelican grey. Den var rett og slett nydelig!
Haha. Sånt likar eg å høyre. Den er veldig fin 🙂
Helt nydelig!! Rett inn på ønskelisten ☺
😀
Hehe .. jeg ønsker meg dotting tools! 🙂 Mine dotter ble ikke halvparten så fine når jeg brukte enden på en fliseklemme 😛
Kanskje det dukkar opp dotting tools som premie i ein konkurranse her snart 😉
Virkelig bra at jeg eier denne ellers måtte jeg fortet meg og kjøpe den hehe, fikk nesten litt lyst til og putte den på neglene nå med en gang!
Haha, det var flaks. Prøv den no med ein gong 😉