OPI – Houston We Have A Purple

Det var ikkje sånn kjempemange fargar som frista i Texas-kolleksjonen til OPI, men Houston we have a purple var ein av dei som gjorde det. Dessverre må eg tilstå at eg er litt skuffa. Fargen er veldig fin, men på mine lange neglar krev den mange lag for å dekke. Eg stoppa etter fire lag, og framleis kunne eg sjå neglelinja, men eg er rimeleg sikker på at denne er lekkersmekker på korte neglar altså😉

Er jo flott, men altså ikkje fantastisk dekkevne på lange neglar. Eg vart jo rimeleg skuffa over dette, så eg fann ut eg måtte ha noko over. Men så orka eg ikkje finne fram konad, og ingen negleklistremerker frista, så då endte eg opp med å toppe det heile med eit lag Nubar – 2010. Ein kjempefin flak-lakk. Resultatet vart fint nok det🙂

Meeen, så var det jo det då, at sidan eg no hadde tjue lag med neglelakk på (føltest det som i alle fall), så tørka jo dette aldri og eg endte opp med ein haug med hakk stygge merker. Hehe. Kan ikkje bli heilt perfekt alltid vel. Betre lukke neste gong😉

 

Nokon andre langnegla frøkner der ute med samme erfaring (eller stikk motsett) med Texas-lakkane?

 

Translate: A bit dissapointed with the formula on the polishes from OPI Texas collection. I used four coats on my long nails, and still there was visible nail line😦 Tried to cover it up by adding one coat Nubar – 2010. Looked okay, but took forever to dry. Better luck next time😉

Dette innlegget vart posta under OPI og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 svar til OPI – Houston We Have A Purple

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s