NOTD: Essie – Sew Psyched

I dag kom Mona, ei av mine aller beste venninner til Oslo. Mona er frisør og driv sin eigen salong i heimkommunen min. Med seg i kofferten hadde ho ei flaske Morrocan oil som eg hadde bestilt. Lite visste eg om at det fulgte med ein liten goodiebag.

Av Mona fekk eg Essie – Sew Psyched, Essie – good to go topcoat og ei glassfil frå La Tweez. Dette var midt i blinken og kom som bestilt (bortsett frå at det ikkje var bestilt. hihi). Her om dagen satt eg nemleg og fann ut at eg må kjøpe meg ei glassfil. Eg hadde ei for fleire år sidan, men den datt i golvet og knakk. Essie – Sew Psyched har eg sett på fleire gongar på nett, men aldri somla meg til å kjøpe, og eg er alltid på utkikk etter gode topplakkar som kan kjøpast over disk i Noreg om det skulle bli nødvendig.

Men ja, då fekk eg jo ein unnskyldning til å lakke neglane då😉

Sew psyched er ein kjempefin dempa grønngrå farge. Og når eg ser denne lakken irl så er det vanskeleg å forsvare korfor den ikkje har komme i samlinga tidlegare. Men no er den jo her, heldigvis😀

Og som om ikkje det var nok at fargen var gorgeous, så var den jo ein draum å påføre også. Kom knapt ein flekk lakk utanfor neglen. Enda eg lakka neglane når eg satt henslengt i sofaen.Føler at fargen er litt grønnare enn på dette biletet over her, justerte fargetemperaturen ein liten millimeter og fekk dette biletet under her, som eg føler stemmer meir med korleis den ser ut i røynda

Flott kva? Brukte også Good to go-overlakken og den må eg seie at eg foreløpig eg veldig positivt overraska over. Eg lakka den først på høgrehanda, og når eg var ferdig med å ta på dei fem neglane på venstrehanda så var dei første neglane tørr nok til at eg kunne stryke over dei med fingertuppane. Minna meg ein del om min trufaste Seche vite. Well done, Essie!

 

Translate: My fabolous friend Mona came to Oslo today, bringing a goodie bag with some Moroccan oil (which I ordered from her hair salon), the Essie – Sew Psyched polish, Good to go top coat and a nail file from La tweez. Obvously I had to try it out, and this is the result. Sew psyched is a gorgeous color, and has a great formula. This is two coats with one coat Good to go top coat.

Dette innlegget vart posta under Dagens fangst, Essie, NOTD og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

11 svar til NOTD: Essie – Sew Psyched

  1. Karianne seier:

    Sew Psyched er nydelig, og Moroccan Oil er fantastisk, jeg er på min andre flaske nå. Lukter himmelsk!🙂

    • vakkerlakk seier:

      I know! Fekk ei prøveflaske av Mona for ei stund sidan og vart frelst. Har jo brukt Biosilk silk therapy lenge, men moroccan oil luktar så mykje betre😀

  2. Sew Psyched er utrolig fin, jeg har den selv. Alt blir jo veldig mye finere på de utrolige neglene dine da:)

  3. Frk. Fargerik seier:

    Nydelig grønnfarge!

  4. Gurimalla så godt du kledde den fargen. Jeg har prøvd den selv, men det ble stusselig i forhold til dine lekre negler😀 Skal du ha noe konad på også? såfall må du oppdatere hehe🙂

    • vakkerlakk seier:

      lekre negler? *blush*
      tusen takk. Det var veldig snilt sagt. Hihihi.

      Skal kanskje ha konad på. Eller kanskje annan pynt. får sjå. Oppdaterer om det blir bra. Hehehe

  5. Elizabeth seier:

    Du har utrolig flotte negler om eg får lov til å si det😉 Og denne fargen var knallfin!😀

  6. Tilbakeping: Essie – Sew Psyched | Makeup Mekka

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s