Ein ting er at det er heilt fantastisk å få åtte lakkar i posten på ein gang, men så kjem jo dilemmaet med kva ein skal prøve først. Eg er jo ikkje sånn at eg lakkar ei hand, tek bileter, skiftar lakk osv. Når eg først lakkar så har eg gjerne neglane slik eit par dagar i alle fall. Ofte til og med ei veke. Veit, eg er crazy!
Velvel, i dag ville eg jo prøve ein av dei nye lakkane, men visste ikkje kva av dei. Så eg spurte no sambuaren då, og han svara jo som alltid «det blir vel blå det». Og det vart jo på sett og vis det. Valet falt på OPI sin Last Friday Night frå Katy Perry-kolleksjonen (glømte at eg hadde bestilt ein frå den kolleksjonen). Det er ein glitterlakk, med store fine glitter i litt forskjellige nyansar. Den var ikkje så fin åleine fann eg ut (ikkje utan å måtte ha 7 lag i alle fall), så eg tenkte – hmm, kva om eg tek den over kvit?
Då vart det sånn:
Den glitrar noko heilt vannvittig, og eeeer så fin. Sånn verkeleg skikkeleg dritfin altså! Det er vanskeleg å ikkje sjå på neglane heile tida 😉
Three coats OPI – Last Friday Night from the Katy Perry-collection over two coats CND – Brilliant White.
Når det gjeld sjølve glitterlakken så har eg litt blanda følelsar når det gjeld påføring. Sjølve basen er veeeldig tjukk, sikkert for at ikkje dei store glitterpartiklane skal synke til botnen og ikkje havne på neglen, men det gjer påføringa litt rar, men det går jo. Eg er berre ikkje heilt vant med slikt. Resultatet blir jo fantastisk, så det er liksom verdt det likevel.
Okei da, de får eitt bilete til, sidan de masar sånn:
Åh, jeg har også last friday night! Gleder meg til å prøve den etter å ha sett bildene dine:) Skal huske å ha en lys base under, det ble kjempefint!
Så gøy. Blir sikkert bra over f.eks svart også, men over kvit base minnar den meg litt om snø.
Lekkert, må nok ha denne ☺
Ja, det må du 😀
Så fint! jeg har testet ut å dotte med en fliseklemme. Ble greit, men ikke like fint som du hadde det hehe ..
Åh, så kjekt du har prøvd dotting. Vart sikkert kjempefint 🙂
Dødsfin! 🙂 uff, det eneste jeg tenker på er det slitet man får når man skal ta lakken av
Aaah, du er inne på noko der, men eg håpar det hjelper å ha ein annan lakk under glitterlakken. men veit jo ikkje. Ellers kan ein jo benytte folieteknikken 😉
Kjempeflott både denne looken og den forrige med prikker og bling på 😀
Takk, så hyggelig at du syns det 😀
Verkligen vackert!
😀
Den var skikkelig fin asså 🙂 Likte den.
Ja, den gjorde seg den 😀
Synes tittelen på denne posten var veldig passende, nydelig ble det! 🙂 Jeg må prøve ut min snart.
Jaaa, du må prøve ut din. Den er jo veeeldig fin 😀