Altså, det er ikkje meininga at det skal vera polkadottveke på bloggen altså, men i dag vart det berre slik at eg dotta litt på lakken min igjen.
Eg har fått så mange fine kommentarar (ute i den verkelege verda) på min førre NOTD kor eg brukte Color Club sin Rebel Debutante, med prikkar på. Er tydeleg at mange synest det er kjekt med fargar sjølv på vinteren (om enn dei ikkje brukar det sjølv).
I dag fekk eg så lyst å bruke den fine grå lakken Asphalt frå CND, så sånn måtte det bli. Og sidan det vart suksess med prikkar førre gongen så satte eg igang igjen med mine fine dotting tools (eg har kjøpt mine på eBay og er nøgd med det). Planen var å ha svarte matte prikkar og rosa bling, og lenge såg det ut til å bli sånn, heilt til eg kom på at eg jo måtte ha overlakk for å få blinget til å henge fast. Og så orka eg ikkje mattlakke oppå overlakken etterpå. Men det vart no fint likevel! Ikkje kom her og sei noko anna 😉
CND – Asphalt with black dots and pink rhinestones.
Eg vart så nøgd med kontrasten mellom dei store svarte prikkane og dei små steinane. På den måten føler eg at også dei svarte prikkane kjem til sin rett og ikkje blir for ton-i-ton med basefargen.
Lakkane frå CND er heilt fantastiske. Som eg har nevnt tidlegare så dekkar dei (i alle fall alle eg har prøvd) på eitt strøk, så dei er perfekte for dagar kor ein sit litt ekstra i tidsklemma, men må lakke likevel 😉
Det ble veldig fint! CND sine lakker er bare elskbare!
Takk 😀 Og beklagar sein godkjenning på kommentaren, den hadde blitt merka som spam!??
Verkeleg blitt glad i CND, ja.