Har lenge hatt planar om å skrive om MNY. Eg har nevnt tidlegare at eg saknar Colorama-lakkane frå Maybelline. Så når dei no har kome med MNY (Maybelline New York) på Cubus hadde eg høge forventningar.
Den første nedturen kom då eg såg utstillinga. Det første som slo meg var at her var det berre raude lakkar. Så fann eg ut at det var fleire. Mange bruntona lakkar til dømes. Det tok si tid før eg innsåg at heile reolen var organisert etter fargar, og ikkje etter type sminkeprodukt. Framsto som rimeleg 80-talls.
Men etter å ha jakta på fine fargar ei stund, og sett forbi alle raude/rosa/brune lakkar, så fann eg to stk. eg kjøpte. Mellom anna ein fin turkis lakk med shimmer.
Lakka dette seint om kvelden, så eg hadde ikkje tid til Konad. Og det er akkurat i sånne situasjonar at eg finn fram Graffiti-lakkane frå IsaDora 😀
I dette biletet demonstrerer eg forresten kva toplakk har å seie for resultatet. Enkelte lakkar er nemleg litt matt, sånn som graffiti-lakkane frå IsaDora. Dei tørkar matt. For å verkeleg få maksimalt ut av alle lakkar, brukar eg alltid ein blank topplakk. Peikefinger og ringfinger har her fått topplakk på, og det er ikkje vanskeleg å sjå forskjellen. Så bruk topplakk, folkens.
Til slutt har eg med eit bilete som eg tok med mobilen ein dag eg sto i solskinet og venta på bussen.
Haha, tenkte akkurat det samme om stativet de sto i, helt håpløst! Vanskelig å se fargene også, pga. måten de sto på, mye topp og lite bunn. Fargen var uansett finfin, og gjorde seg med graffitilakk på også ☺
a, sant. Haha, godt det ikkje berre er meg. Eg sto der og vart provosert og gjekk nesten derifrå i protest. Men så MÅTTE eg jo teste. Hehe.
Turkis er fresht! Gleder meg til å se nohhet-oh (du vet hvilken jeg mener). 😉
Haha, ja. Kjem snart 😉
MNY sine hyller er ein sak for seg sjølv ja. Tykkjer det er morro med inndeling i fargar (om ein ikkje kjøpar alt i rosa for å vere matchy-matchy), men vanskeleg å sjå fargane, rotete tomt og grisete er det som regel på «min» cubus.
Nokre fine lakkfargar har dei jo, som den blå du fann der! Dei har jo medan anna den «dupen» på Chanel Paradoxal også 😀
Har dei det? Visste eg ikkje, kanskje eg må kjøpe den da 😉
Eg likar jo forsåvidt å dele inn etter fargar, men først etter å ha delt det inn etter kategori. Hehe. Blir jo uansett veldig rotete, sjølv om intensjonen var god i utgangspunktet.