NOTD – IsaDora Graffiti nails – Black tag

Det er tydeleg at IsaDora har truffe blink med graffitilakkane sine. Dei fleste søka som genererer treff på bloggen min om dagen, er nettopp «IsaDora Graffiti nails» m.m.

Per dags dato har eg fem av lakkane. Alle utanom den rosa. Kan ikkje forstå korfor den rosa er utseld overalt? Skal folk ha den over sin raude lakk? 😀

Spøk til side. Eg reknar med dei som søker etter dette på nettet kanskje er ute etter å finne ut kor dei kan kjøpe desse artige lakkane. Eg har kjøpt alle mine på H&M, nærmare bestemt på Karl Johan og Oslo City. Verkar som Oslo City har fått dei ganske nyleg. Ellers har eg jo høyrd at dei no skal finnast på både Lindex og Kicks. Så det skal vera muleg å få tak i dei enda 😀

Uansett. Ein dag eg var innom H&M plukka eg med meg ein firepakning med minilakk (29,50 for 4 stk). Desse er 3,2ml, samme som den minilakken eg skreiv om her om dagen (som kosta 9,50), men eg trur dei er hakket dårlegare kvalitet.

Fargane i denne firepakningen har dei originale namna Purple, Green, Blue og Pure White. Til denne manien valde eg den grøne. Subtil farge med svakt skimmer. Glømte sjølvsagt å ta bilete av lakken åleine, men har den med graffiti oppå.

Personleg synest eg dette vart ganske stileg. Minuset med den grønne minilakken var at den tørka i slow motion. Spent på om det gjeld dei andre lakkane i pakka også.

Translate: Miniature polish by H&M called Green, with the amazing 801 Black Tag by IsaDora on top. I really like this mani 😀

Reklame
Dette innlegget vart posta under H&M, IsaDora, NOTD. Bokmerk permalenkja.

7 Responses to NOTD – IsaDora Graffiti nails – Black tag

  1. Ingridpingrid seier:

    Ingenting er så joy som lakk som tørker i slow motion 😛

  2. Karianne seier:

    Jeg kjenner at jeg ikke er helt ferdig med å leke meg med disse lakkene enda, så du hun som hadde brukt den hvite til funky french manikyr? Hm, var det emilybloom? Det ble ganske stilig.

    • vakkerlakk seier:

      Nei, det har eg ikkje sett. Hmm. Leser ikkje så voldsomt mange neglebloggar fast. *rødme*

      MEN, meiner du å bruke graffiti berre på negletuppen? i så fall har tanken streifa meg, men er midt i flyttekaos, så må vente til eg har litt meir tålmodigheit 😀

  3. Stilig! 🙂 Ble utrolig fint med den grønnfargen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s