Korleis kamuflere plasternegl

Som du kanskje har lagt merke til i ein tidlegare post, så knakk eg ein negl i ferien. Og den knakk såpass langt nede at eg ikkje berre kunne klippe den. Og for å unngå at eg skal henge den neglrifta fast i noko og a) rive neglen meir (au) eller b) dra ut trådar frå strikkaplagg (dritkjipt), så har eg surra eit plaster rundt. Eg nyttar nokre plaster eg kjøpte på H&M for ørten år sidan, for dei er mykje finare enn sånne trauste nudefarga frå andre stadar.

Så her ein dag kom eg fram til at, kva om eg får manikyren til å matche plasteret … utgangspunktet vart ein minilakk eg kjøpte på H&M her om dagen som kosta nesten ingenting (9,50), og som viste seg å ha ein veeeldig fin farge. Den heiter Blue Sky og rommar 3,2 ml. Kjære H&M, lag fleire av desse små lakkane. Den var superlett å leggje, og dekkar på eitt lag, om du berre er bittelitt raus. I tillegg så tørker den veldig raskt, så om du vil ha to lag, så går det og veldig raskt. Anyhow, sidan plasteret mitt er kvitt og blått, måtte eg jo ha noko pynt på. Og etter to rundar med grafittilakk så lengta eg faktisk litt etter konaden min. Så etter å ha gjort konad på IngridPingrid, dro eg heim og konada litt på meg sjølv. Valet falt på biletplate m74 og kvit spesiallakk. Og slik vart altså resultatet:

Ser du? Går nesten ikkje an å sjå at eg har plaster på, veit du. Hahahahahahaha.

Ellers så trur eg at neglen snart har vekse såpass at eg kan klippe vekk rifta, og sleppe plaster meir. Hurra!

Dette innlegget vart posta under H&M, Konad, Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 svar til Korleis kamuflere plasternegl

  1. Ingridpingrid seier:

    Konaden min holder fremdeles😀 Tror det hjalp med overlakk før konaden. Tenkte å bytte i morgen siden plukkemanien min gikk utover tommelfingerneglen😛
    Dessuten tror jeg at jeg vil ha en av de hm-lakkene, bare i en annen farge.
    Forresten, brukte du konadspesiallakk til mønsteret her?

  2. Nailtastic seier:

    Otroligt fin manikyr! Bland de finaste jag sett faktiskt. Kul att matcha manikyren efter plåstret också.🙂

    • vakkerlakk seier:

      Åh, syns du det?😀 Tusen takk!

      Likte den faktisk veldig godt sjølv. Første gangen eg prøvde det designet. Skal definitivt bruke det igjen med andre fargar🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s