NOTD: Giraffe

Eg har det så gøy med graffti-lakkane mine om dagen. Men så kom eg jo på at det er eit par lakkar frå e.l.f eg ikkje har skrive om. Såeh, korfor ikkje berre kombinere det?😀

Lakk nr tre frå e.l.f er smoky brown.

Her trur eg det må ha vore noko feil med den flaska eg fekk, for den såg heilt rar ut og det var neglelakk i korken. Såg nesten ut som den hadde vore opna før, men eg antar at det er ein slags produksjonssvikt. Ellers hadde den og skilt seg veldig ogdet var litt tidkrevjande for å få den jevn att. Men altså, eg trur ikkje dette er representativt for korleis desse lakkane er. Den har jo vore oppbevart saman med dei andre lakkane frå elf og dei er heilt fine.

Eg er ingen tilhengar av brun neglelakk eigentleg. Sikkert fordi eg aldri har kjøpt ein. Men denne er faktisk veldig fin på. Eg kunne fint ha brukt den åleine. Eg opplever den som ein tanke mørkare i røynda, enn det den er på bildet.

Her kan du faktisk sjå speglbiletet mitt i langefingerneglen😀 Må kanskje sjå litt ekstra godt etter.

Inntrykket mitt av elf-lakkane så langt er at dei er lette å påføre. Stort sett krevjer to lag for å dekke. Haldbarheiten blir det forsåvidt vanskeleg  å seie noko om. På mine neglar, med Nail Envy basecoat, to lag elf-lakk og Seche vite topcoat, pluss evt. konadtrykk med topcoat over der igjen kan det halde seg superfint i to veker. Minst. Generelt er opplevinga mi av billeglakk at berre ein har god basecoat og topcoat og tek oppvasken med oppvaskhanskar på, så held det lengelenge.

Men tilbake til lakken. Fargen kan eg fint gå med åleine, men no er det jo sånn at eg har nokre Graffitilakkar som står og ropar på meg dagen lang. Dessutan er eg jo veldig glad i kombinasjonen brun/gul, så det passa jo fint😉

Mmmmmm

Translate: I am having so much fun with my Graffiti polish by IsaDora these days. They are so cool it is insane😀 However, I just rememberred that I didn’t try out all the elf-polishes i received. So today I show you Smoky brown. My bottle was a bit odd, it almost seemed like it had been used, and the polish had separated. But I fixed it, and I think this was only the bottle I received, because all the other polishes from elf is perfectly fine.

Normally I don’t like brown polishes. But in all fairness I never bought one either, and when I put this one on I really liked the colour. I guess this is due to the fact that it is smokey, and not too chocolate brown. I could easily wear just this color alone, but you know … there was a yellow graffiti polish screaming my name across the room, so  I had to put it on. I really like this color combination. It reminds me of a giraffe😀

Dette innlegget vart posta under elf, IsaDora, NOTD. Bokmerk permalenkja.

5 svar til NOTD: Giraffe

  1. Karianne seier:

    Stilig, jeg går også bare og sirkler rundt Graffitilakkene mine nå om dagen.😀

  2. Ingridpingrid seier:

    Gief mig… argh!

  3. Line C seier:

    Jeg synes brunfargen var superfin jeg da, men så har jeg hatt en lang taupe-fan-periode nå også da *knegg*

    Grafittlakkene er supermorsomme!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s