NOTD – Summer days (med neglelakk frå elf)

Åh, i dag er litt av ein dag. Hovudet er ikkje heilt med og eg er vekselsvis kjempekald og kjempevarm – feber ja. Sidan eg berre har prøvd ein av lakkane eg fekk tilsendt frå elf så fann eg ut at det var på høg tid å teste litt meir. Valet i dag falt på Fluorescent pink. Såg for meg at denne skulle vera skikkeleg knall og lysande, med tanke på namnet. Men det er den ikkje. Sikkert til stor glede for mange. Det er imidlertid ein veldig fin rosa farge.

Bileta eg har i dag er dessverre kjempedårlege. Stort sett alle vart veldig uskarp. Jaja, men eg er jo sjuuuk. Stakkars meg 😛

Dette var liksom det beste eg fekk til utan blitz. Tragisk.

Med blitz. Urk. Synest alt blir så flatt og dødt med blitzen. Men her kan de nok sjå at det er eit slags svakt skimmer i den. Det er imidlertid ikkje spesielt framtredande på neglane.

Men så da. Så kom eg jo på at eg skal på jobbintervju i morgon, så kanskje dempe denne rosaen litt med litt konad. Og her starta problema for alvor. Først ville eg lage litt mønster med litt av kvart frå mange bildeplater, men det vart mislykka, så måtte ta det av. Så ville eg ha kvitt mønster, men fann ikkje den kvite spesiallakken min. Så då tok eg fram ein lys gul pastell frå China Glaze og stempla på 4 fingrar. Då oppdagar eg at den kvite lakken ligg rett ved sidan av meg. Så av igjen med det gule og på med kvit. Phew. Og så skulle eg ta bileter, og tenkte at eg måtte hugse å rense litt opp rundt neglane før eg tok bileter… så tok eg opp kamera og knipsa i veg …

Uskaaarpt.

Kom på det etter første bilettakingsrunde og fiksa litt på det. Knipsa så eit nytt foto:

English: Another polish from e.l.f. Called Fluorescent pink. However, I don’t find it to be fluorescent. But it is quite a nice pink colour. All my pictures is blurry, probably ’cause I have a fever and cannot hold the camera still.

Reklame
Dette innlegget vart posta under elf, Konad, NOTD. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to NOTD – Summer days (med neglelakk frå elf)

  1. Ingridpingrid seier:

    Hepp! Hva er den beste måten å feste små steiner på? Legger du en dråpe topplakk på et fat og så dypper steinene? Jeg har åpenbart ikke prøvd det før .. 😛

    • vakkerlakk seier:

      Legg ein dråpe topplakk på ei eller anna overflate, og dypper deretter ein spiss ting (f.eks oransjepinne, tannstikke, dotting tool, spisskam :P) nedi. Lager ein prikk der eg vil ha steinen, og plukkar opp steinen med den spisse gjenstanden og plasserer der eg vil ha den 🙂 Så må ein gjerne ha to lag topcoat over.

  2. Ingridpingrid seier:

    I dag har jeg ny konad på. Korallfarge fra depend sin sommerkollekjon, med hvit spesiallakk. Valgte et småblomstret mønster, men husker ikke nr på bildetplaten i farten. Vet du har den samme 🙂 Klusser det fremdeles litt til når jeg skal overføre det til stempelet. Tror du må overvåke meg neste gang jeg skal skifte 😛

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s