NOTD – Variant av fransk

God kveld.

Dagane forsvinn i solskin og is på stranda og ein vestlandstur med inkludert klassefest med ungdomskulefolk, toppa med ein kraftig forkjølelse med påfølgane bihuleproblemer. Over alt dette ligg eit pollenslør og sløvar ned, støvar ned.

Eg gjekk med Catch me in your net i to veker, og hadde tenkt å poste bilete, men det har jo alle gjort før meg, og bileta mine vart ikkje noko bra. Men i dag har eg lakka og lakka og har tenkt å presentere ein variant av fransk manikyr.

Her er det eg har brukt:

Base: OPI Nail Envy, H&M Check Me Out, China Glaze re-fresh mint til tuppen, Kiss Brush On Nail Art Paint farge Red Wine, ein dekorlakk frå búk, og Seche Vite Top Coat, og 30 rhinestones.

Slik vart det:

I lys av etterpåklokskapen, ser eg at eg lett kunne ha ha teke bilete undervegs og posta ein slags steg-for-steg, men det vart no altså ikkje gjort.

Dette er ein av dei enklaste designa eg kan på frihand. Gjort på maks 10 minuttar. Det er fordi eg ikkje synest det er så nøye om det kjem litt lakk der ein ikkje hadde tenkt. Det er ein del av sjarmen😉

Translate: Kind of French mani with rhinestones. Super easy and done in 10 minutes (if you don’t care about a little polish mess, like me). I see now, that I could have taken pictures during the polishing, and posted a tutorial. Maybe another time😉

Dette innlegget vart posta under China Glaze, H&M, NOTD, OPI. Bokmerk permalenkja.

3 svar til NOTD – Variant av fransk

  1. Thomas seier:

    Oi! Stor forandring på en dag her!😮
    Imponert!😀

  2. Line C seier:

    Jeg blir helt svett bare ved tanken på å lakke slik *LOL*
    Jeg har også brukt “Catch me in your net” MYYYE den siste tiden, og har den på tåneglene as we speek😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s