Re-fresh mint

Re-fresh mint er ein av maaange pastellgrøne lakkar denne våren. Det kan virke som at dei fleste neglelakkprodusentane har laga akkurat same lakkane. Eg er trufast tilhengar av China Glaze, så eg kjøpte somme av lakkane deira frå Up&away-kolleksjonen (sjå tidlegare innlegg). Og då altså Re-fresh mint.

Digresjon: Det var ei lang utgreiing om nesten ingenting, men det skuldast at eg er trøytt. Denne veka har eg hatt eit vikaroppdrag og eg har stått opp klokka 6 om morgonen. Dette er jo heilt fjernt frå det eg brukar gjere (førre jobben min var frå 10-17(18,19 etc), og før studerte eg jo på universitetet og tok bachelorgrad i prokrastinering og skippertakmetoden og sto opp tidlegast ved brunch-tider). Eg blir jo heilt forvirra. Klokka 22 trur eg jo at det er midt på natta liksom. Eg er sikker på at det er sånn det må vera å ha jetlag.

Men tilbake til tema. Og tema var mint… mmmmmmm-mint.

Re-fresh mint (China Glaze) + blå spesiallakk frå Konad (Coraline-settet) + konadplate m81. Motivet vart litt uskarpt, for eg klarte å glippe litt på stempelet, så det sklei litt på neglen (om ein kan seie det på den måten).
Ååå, to nesten like bileter rett etter kvarandre. Så kreativt …
Okei da, de skal få eit siste bilete tatt i litt mjukare(?) lys.
(ps. dette innlegget er skrive på kvelden, men lagt til publisering om morgonen. utelukkande fordi eg vil at alle skal få med seg alle innlegg. og eg posta jo nettopp eit anna😉
Is it just me or do every nail polish producers have the same pastel colors this year? This is Re-fresh mint from China Glaze. And i LOVE it. So soooo pretty. Sorry about being so lame with the translations lately. You should all learn norwegian😉
Dette innlegget vart posta under China Glaze, Konad. Bokmerk permalenkja.

2 svar til Re-fresh mint

  1. Tine Kristin seier:

    Hvordan er holdbarheten på den lakken da? Aldri prøvd det merket før.

    • vakkerlakk seier:

      Eg synest holdbarheten er veldig bra. Men, så skal det seiast at eg bruker ein god baselakk og overlakk, og det er viktig for holdbarheten av sjølve lakken (har eg i alle fall sjølv erfart). Min lakk kan vere fin i fleire veker, men eg kan ikkje love at den sit like lenge på alle. Kjem jo an på kor mykje ein er i vatn f.eks. Har lese at generelt skal China Glaze holde i opptil 7 dagar generelt, og evt. litt kortare om ein er mykje i vatn🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s