Lakken eg skreiv om i førre innlegg var sjuuuuukt fin og eg hadde ikkje lyst til å ta den av, men skal ein drive blogg så skal ein drive blogg, og det er fleire lakkar i skuffa osv.
Eg vurderte å prøve H&M sin Blue my mind, men var redd for å bli skuffa, sidan eg var i veldig bright-polish-mood (og har så utruleg høge forventningar til den lakken). Anyways. For å gjere ein lang historie kort, så valde eg å prøve Orly – Mint Mojito, som eg hadde litt mindre forventningar til (men framleis forventningar).
Det første som slo meg med denne lakken var at den var tynn. Som i rennande. Og på enkelte av neglane hadde eg fire strøk før eg syns det var passe jamt. Deeet var litt skuffande. Og fargen er jo fin nok den, men ikkje sånn at eg tenkjer «woooow, denne var spesiell». Uansett. Her kan de sjå den:
Som de ser. Heilt ok lakk, men ikkje nokon wow-faktor for min del. Så eg valde å finne fram tre lakkar og slå til med litt marmorering, eller kva det no enn kallast på norsk.
Eg nytta her China Glaze – Coconut kiss, China Glaze – Gussied up Green og Color Club sin Rebel Debutante.
Men som om ikkje det var nok så fant eg ut at eg kunne no spandere nokre rhinestones også …
So, I really didn’t want to take off the polish i showed you in the last post, but since I am having this blog I guess I have to update it too 😉 After a lot of thinking i decided to try Mint Mojito from Orly. And to be honest I’m not loving this polish. It’s quite runny(?) and on some of the nails I had to put on FOUR coats. The color is nice, but I don’t get the wow-feeling from it. Anyways. I decided to do some water marbelling and put on some rhinestones.