Fascinasjon for fargar

Litt av grunnen til at eg bruker så mykje tid på å pynte neglane mine er fordi eg bruker ganske mykje tid på å sjå på dei. Det betyr; at eg jobbar mykje med hendene mine. For tida har eg dilla på strikking. Så langt dette året har eg strikka/hekla 12 prosjekt, pluss at eg har tre påbyrja prosjekt. Ooog så har eg vel hekla omlag 40-50 blomar dei siste par vekene. Det går unna altså. Og då er det kjekt å ha fargerike neglar.

Uansett. Eg hadde strikka ei hue til tanta mi då eg var heime ein tur i starten av februar, fekk også byrja på eit par pulsvarmarar som eg strikka ferdig då eg kom attende til Oslo. Så vart dei liggande her då, til eg i går kom på at eg måtte sende dei i posten. Eg knytte rundt eit silkeband og oppdaga at neglane mine matcha silkebandet.

Sjå kor fine fargar 😀 Blir i godt humør av å sjå på. På neglane har eg altså Rebel Debutante frå Color Club sin Rebel Debutante-kolleksjon. Og for ein lakk det er. Herlighet. Hvis det går an å kalle noko for neonpastell, så er det akkurat det denne lakken er (på min skjerm er den lysare enn kva den er på årntli). Veit ikkje på kva måte eg kan forklare det ellers. Gjekk også veldig fint å påføre. God konsistens. Angrar definitivt ikkje på at eg kjøpte den.

I dag var eg ute og gjekk forresten, og da oppdaga eg at snøen har byrja å smelte. Og eg kjente vårlufta komme snikande over horisonten. Eg er klar for vår. Er du?

One of the reasons I spend so much time decorating my nails, is that I spend a lot of time looking at them. While doing other things. I like creating something with my hands, and one of my interests is knitting. I knitted a hat for my aunt earlier this year, and promised her some  matching wrist warmers as well. When I was putting on a ribbon I realised that my nailpolish was matching the ribbon.

The polish is the Rebel Debutante from Color Club’s Rebel Debutante collection, and what a grrrreat color it is. If you can call something neon and pastel at the same time, this color is a neonpastel color. Sooo sooo bright, but yet so soft and gentle. This is two coats and I had no problem putting it on.

In other news. The snow has started melting in the streets and I think there will be spring this year too.

Reklame
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Fascinasjon for fargar

  1. Thomas seier:

    Hehe, du er søt. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s