NOTD – Bubblicious

Veit de kva eg saknar? Neglelakkmessig altså. Coloramalakkane frå Maybelline. Kvar har dei tatt vegen eigentleg? Dei var rimelege (eit par kroner dyrare enn Depend, men også meir pr flaske) og gode. Ikkje minst var det eit større fargespekter enn rød og beige. No har eg ikkje sett Colorama i Noreg på mange år. Difor vart eg veldigveldig glad då eg fann nokre i Litauen i sommar. Eg kjøpte dei med dei sprekaste fargane, og har ikkje angra eit sekund. Dei er gode å halde i handa, kosten er passe stor, dei er lette å påføre, og cremelakkane kan dekke på eit litt tjukt strøk, eller to tynne. Eg vil altså ha Colorama attende til Noreg. GIMME!!!

Uansett. I går hadde eg Ingrid på besøk her, og tok fram alle neglelakkane og lot ho få velge fritt kva eg skulle lakke hennar neglar med. Ho valde ein av OPI – suede lakkane   og vart veldig nøgd med den. Ho fekk sjølvsagt konad-trykk på også😉 Men etter at eg hadde lakka neglane hennar klødde eg jo i fingrane etter å lakke mine eigne. Valet falt då på nettopp ein Maybelline colorama-lakk. Nr 06 Bubblicious. Rooooooosa! Glømte heilt å ta bilete utan konad på, men sjå her berre kor kult det vart med svart konadtrykk frå billedplate m65

Kvar gang eg tek bilete av neglane mine så må eg alltid ta ein haug med bilder. Då er det jo litt synd at så mange blir like, og at eg ikkje kan vise alle. Men litt er vel lov?

Og til slutt eit bilete for å vise skilnaden mellom rosafargen på neglane, og på karaffelen min. Eg har ein sånn karaffel med genser på. Frå Eva Solo. Den er knæsjrosa og veldig fin😀

Beklagar biletstorleikane her, eg prøver framleis å finne ut korleis eg får biletene akkurat store nok. Tips? Korleis gjer du det sjølv? Om du har wordpressblogg da😉

This is one of my polishes from Maybelline Colorama (nr. 06, Bubblicious). I haven’t seen these polishes in Norway in many many years. So I was super happy when i found them in Lithuania last summer. They are quite good, quite cheap, and with fresh colors. I want them back to Norway. Sorry about the funny looking pictures, still experimenting with wordpress and picture sizes😉

Dette innlegget vart posta under Konad, Maybelline, NOTD. Bokmerk permalenkja.

2 svar til NOTD – Bubblicious

  1. Ingridpingrid seier:

    Greit.. jeg skreiv noe .. så ble det noe kluss. Men jaffal .. jeg sitter her og ser på neglene mine med stjerner i blikket fortsatt. Venter i spenning på min første konadpakke😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s