Tape manicure inspired by MakeupMyLack

Her ein dag eg dreiv og gjekk gjennom favorittlista mi over lagra bloggar, så dukka ein heilt sjukt kul tapemanikyr opp hjå Sanna på MakeupMyLack. Eg visste med ein gong at dette måtte eg også prøve. Dog, eg hadde tenkt å vente til etter at eg har kome på plass i ny leilighet.

Men sånn medan eg dreiv og pakka ned alle neglelakkane mine i esker(!) dukka det plutseleg opp ein Depend-lakk som kan minna litt om den Sanna har brukt i sitt design (OPI – Who The Shrek Are You?) som eg ikkje har. Og då fekk eg ikkje dette designet utav hovudet. Passa på å leggje til sides Catherine Arley – #805 også.

Seint på kvelden i går lakka eg med Depend – 196 på alle neglane. I dag etter jobb fann eg fram striping tape og ein god dose tålmod og sette igang.

Tålmodet får ein godt bruk for når ein skal drive med sånne tapedesign. Eg lovar. Det er pirkete og ganske irriterande til tider, men resultatet er så innmari verdt det. Plasser tapebitane der du vil ha dei, og hugs rekkefølgen på korleis du plasserte dei (om dei overlappar), for du skal fjerne dei i motsett rekkefølge.

Lakk så over med ønska farge (i dette tilfellet den svarte holografiske lakken #805 frå Catherine Arley) og fjern tapebitane ein etter ein. Etter ein del forsøk med å fjerne dei med fingrane har eg gått over til pinsett som er mykje mindre grisete.

Verdt.ALT.Slitet!

Translate: So, this tape manicure is inspired by Sanna over at MakeupMyLack. I didn’t have OPI – Who The Shrek are You? So I used Depend – nr 196 instead. The black holographic polish is Catherine Arley – #805. Tape manicures like this one is quite time consuming but worth every little minute!

About these ads
Dette innlegget vart posta under Catherine Arley, Depend, Holografiske lakkar, negle blogg, negleblogg og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

21 svar til Tape manicure inspired by MakeupMyLack

  1. Karianne seier:

    Det ble superfint! :)

    • vakkerlakk seier:

      Tusen takk! Eg eeeer så fornøyd! Er også veldig takksam for at det fins så flinke folk på internett som eg kan få inspirasjon frå, og kan herme etter :D

  2. marthe Cecilie seier:

    Å fyyyyyyyyyy så fantastisk kult :) hjelpe me :)!!!!! I love you :) !! Du er også en stoor inspirasjon :) Glede seg til å prøve :)

  3. clawsincolor seier:

    Snyggt! Verkligen riktigt snyggt! :)

  4. Katrine Be seier:

    Knall tøft! dette må prøves!
    fjerner du teipen før eller etter lakken er tørket?

    • vakkerlakk seier:

      Fjernar den med ein gang eg har tatt den på – altså før den tørkar. Om du let den tørke så er det vanskeleg å få reine linjer når ein fjernar tapen. Pass også på at basefargen er heeeilt tørr før du påfører tapen :)

  5. Manjana seier:

    Stilig design, men eg fekk valdsame hasj-blad assosiasjonar til fargane – kanskje eg skal prøve med ein annan fargekombinasjon.

    • vakkerlakk seier:

      Ahahahaha, når du seier det så… Men eg syns ikkje det er så veldig hasjaktig i røynda, men klart det går an med andre fargar. Kanskje gul? Eller turkis? Eller blå? Eller rosa? Eller eller eller. Finst jo tusen alternativ!

  6. Er i grunn enig med Manjana, men synes likevel at designet var stilig da :D

  7. Ingridpingrid seier:

    I love it :D

  8. martasvardag seier:

    Så utrolig fint det ble. Tror ikke jeg har tålmodigheten med dette, men man vet aldri :) KJempefint ble det iallefall!

    • vakkerlakk seier:

      Nei, det er litt pirkete. I alle fall i starten. Kanskje du kan prøve på berre ein eller to neglar? Syns det er fint med ein negl med mønster på f.eks :)

  9. Sanna seier:

    Åh vad kul att du gillade! Din manikyr blev också kanonsnygg:)

  10. Ninjaz seier:

    Hihi, det ser ut som hasj.

  11. Tilbakeping: Modeskog » Tape Manicure

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s