Mermaid’s Dream er ein av lakkane i vårkolleksjonen frå Deborah Lippmann. Lakken er fullspekka av blått og fullfarga glitter, i ei gulgrønn metallisk base.
Denne lakken er eit godt eksempel på ein lakk som eg kanskje ikkje ville kjøpt sjølv, men som når den kjem på neglane viser seg å vera heilt fantastisk. Den er ikkje som nokon andre lakkar eg har i samlinga. Og let’s face it – eg har ganske mange!
Den var ikkje så lett å fotografere, og den ser litt annleis ut i dagslys enn i kunstig lys, men bilder skal det bli.
Eg syns den passar til namnet sitt, men samtidig så minner den meg veldig om sånne 80-talls skuleballkjolar med puffermer som me har sett i gamle amerikanske filmar. Forstår de kva eg meiner? Den er litt overdådig.

Dette er forresten tre lag over basecoat, toppa med to lag Deborah Lippmann – Addicted to Speed topplakk. Lakken er veldig lett å legge. Og glitteret fordeler seg fint utover neglen.
Og til slutt eit lite bilete i dagslys:

Den er meir gulgrønn enn den ser ut på dette dagslysbildet altså.
Åja, no kom eg på at eg har eit flaskebilete som eg fekk tilsendt på e-post også
Eg trur utsalsprisen på denne er 179,- som er i øvre sjikt av neglelakkprisar. Ligg litt over OPI-prisar i Noreg, og eg kjenner ikkje til at ein får kjøpe dei billegare på nett.
Lakken er produktprøve sendt meg frå Kate Hermansen Agenturer
Translate: Mermaid’s Dream by Deborah Lippmann reminds me of these 80′s prom dresses we’ve all seen in old movies, don’t you agree? But I see the Murmaid in it as well offcourse
It applies easily. I have used three coats here and finished off with two coats of the Addicted to Speed top coat also by Deborah Lippmann.
This product was sent to me for review




Denne er nydelig og passer navnet sitt ja!
Veldig unik farge og finish. Er den ruglete? Får sommerfølelse
Ja, den er ganske ruglete. Kunne hatt eit tredje lag med overlakk på, men det får no vera grenser. Hehe
Den lakken var kul!! Og så har du så fine neglar
Tusen takk, Kjersti. Du er så grei
Eg elskar denne lakken! Eg fann han tilfeldigvis i butikken, og det var ikkje snakk om å la han stå att der, nei! Eg vart like imponert då eg prøvde Mermaid’s Dreams, sjølv om ein kanskje treng nokre lag med overlakk, ja. Den unike finishen saman med dei freshe fargane var det eg fall for. Og så synest eg at du fekk til riktig gode bilete av lakken òg. Ikkje enkelt.
Så kjekt. Det er så sjelden eg har vore i butikkar som sel Deborah Lippmann at eg stort sett aldri ser flaskene live. Hehe. Kjekt å sjå andre som likte den like godt som meg. Den er jo eigentleg heilt koko! og nei, det var ikkje enkelt med bileta. Skulle gjerne tatt eit i sol, men den var ikkje framme då eg kom frå jobb. Sukk!
Denne var kjempe fin!
Har 1 deborah, men det blir nok ikkje fleire me de første, pga prisen..
Ja, dei er ganske dyre, så det blir jo ein prioriteringssak. Men fine er dei i alle fall!
Kva deborah-lakk er det du har?
Ja de er de! Eg har happy Birthday
Den er jo festleg
Synes denne lakken virkelig er fin og unik. Tror nok jeg skal gå til innkjøp av den
Ja, den er kjempefin. Laga meg ein ring med den, hehe
Ooh.. Har akkurat kjøpt tre lakker fra Deborah Lippmann, med glitter selvsagt! Forget me, Across the Universe og Candy Shop! Nydelige!
Across the Universe er nydeleg
Er definitivt glitterlakkane frå deborah lippmann som fristar mest
Så fiiin
Hvor kan man få kjøpt denne? :S Jeg finner ikke noe i oslo
Du, godt spørsmål. Eg veit faktisk ikkje heilt. Eg veit eg har sett dei i ein butikk på Byporten, men hugsar ikkje kva butikk. Skal forhøyre meg litt
Takk
Let me know
Har sendt mail til Kate Hermansen agenturer og spurt om forhandlarliste. Men enn så lenge fann eg ein artikkel frå mai 2011 med desse forhandlarane:
Gimle Parfymeri Bygdøy Allé 39, MagMaLou, Skovveien 8, Shoelounge, Hegdehaugsveien 30, Kiman Woman Paleet, Karl Johansgate 37. Om eg får meir info frå Kate Hermansen skal eg oppdatere bloggen med det
De selger Deborah Lippmann på Berthas Oldebarn i Bergen
Har akkurat sikret med en flaske av denne herligheten!
“Berthas Oldebarn”! For eit fantastisk namn på ein butikk!