I dag er det fantastisk vær her i Oslo med sol og blå himmel. Eg har merkeleg nok blitt forkjøla og var såpass skral i formen at eg såg meg nødt til å vera heime frå jobben (det skjer nærmast aldri), og dermed har eg jo hatt litt tid til å sjå på Snowboard VM som er i Oslo denne veka. Der vart det blant anna nevnt at det er reine påskeværet oppe i Wyller, og til slutt var eg berre heilt nødt til å finne fram litt gul lakk. Flaks for meg då at China Glaze har ein gul lakk i Electropop-kolleksjonen
Dette er tre lag. Dette må vera den første gule lakken eg har prøvd som ikkje treng lakkast over ein kvit baselakk. Fotografert i dagslys, fekk ikkje heilt fram kor “bright” denne er i dagslys.
I kunstig lys vart den kanskje endå meir skarp enn den eigentleg er. Litt vanskeleg å få den korrekt, men ein ting er i alle fall sikkert. Den er dritfin.



Har du testet taxi yellow fra ciate? Den er også ganske så fin.
Gul lakk er undervurdert!
Nei, den har eg ikkje testa. Faktisk ikkje prøvd nokon Ciaté-lakkar
Så glad og fin farge!
JA! Akkurat det tenkte eg og. Får lyst til å hoppe rundt. Haha
Vilken glad färg
Ja, den var verkeleg overraskande fin!
Ååh, for en gladlakk!
Tilbakeping: China Glaze – Wicked Style | Vakker lakk – gjer meg blakk