Som eg sa i førre post så har eg enda fleire lakkar frå Linda Johansen å vise dykk. Både frå vinterkolleksjonen og tidlegare fargar. I dag viser eg nok ein farge frå vinterkolleksjonen, sidan det trass alt er vinter enno (forhåpentlegvis ikkje altfor lenge).
Hels på Star Gazer:

Massevis av herleg skimmer i gull, grøn og lilla i ein grålilla base. Lakken er ganske lys, men dekkar fint på 2 lag. Eg var litt utålmodig etter å få fotografert denne og klarte å skrape neglen ned på kjøkkenbenken og fekk meg eit fint hakk.


Verkeleg ein fin farge. Litt sånn mystisk, men elegant. Med Speedy top coat held den seg glansfull og fin i mange dagar.
Star gazer kan du kjøpe her for 139 kroner. Løp og kjøp!
Lakken er produktprøve frå Linda Johansen.

Ser veldig fin ut
Superflott farge! Den likte eg
herremin, så fin
ja, den er ein liten skatt