Kan tru eg vart overraska då eg logga på pcen i dag og fann ei hentemelding frå posten i innboksen min. Eg sende sambuaren min avgårde i snøkavet for å hente den uventa pakka, og då han kom heim viste det seg at det var frå Linda Johansen, og fine fargar frå den nye vinterkolleksjonen Winter Breeze Collection.

Eg var ikkje sein med å få lakka neglane for å prøve ein av dei nye fargane. Eg fekk tilsendt Midnight Blue og Purple Haze, og heilt umiddelbart var det Midnight blue som fanga mi interesse. Djup blå med glitter i.


Lakken var lett å legge. Eg hadde to lag og det held i massevis. Lakka over baselakk frå samme merke, og hadde eit lag Speedy Top Coat over til slutt.
Likte godt at det var såpass subtilt glitter. Fins nok av lakkar kor glitteret tek all oppmerksomheten, men her syns eg lakk og glitter har fått eit fint samspel, om eg kan seie det sånn.

Lurer på om eg skal bruke denne når eg skal på nyttårsfest med jobben. Trur den vil passe kjempefint til kjolen eg har tenkt å ha på meg der.
For å lese meir om Winter Breeze Collection og sjå dei andre fargane i kolleksjonen, gå inn her. Der finn du også link til nettbutikken kor du kan kjøpe desse lakkane. Dei kostar 139 kroner stk.


Denne lakken var virkelig vakker
Ja, kjempefin. Veldig glad for denne
omg omg omg! denne berre må eg ha! takk for bileta!
Haha! Værsågod
Så utrolig fin! Jeg venter på mine også, gleder meg til å prøve ut!
Ja, denne var i alle fall nydeleg. Og den andre eg fekk ser veldig lovande ut også
Utrolig fin den var!
Woaaah, fantastisk blogg! Denne skal jeg absolutt følge! Har de siste 4-5 mnd fått toalt dilla på neglepynt, og har vel kun hatt en eneste liten dag hvor jeg ikke har hatt neglelakk eller negleklistermerker.. Og apropo klistermerker, har du noen sider du vil anbefale å bestille fra? Har tittet innom nail4you.no, men er litt skeptisk til å kjøpe fra plasser jeg ikke har hørt noe om fra noen jeg kjenner…
Hei, så hyggeleg at du vil følge bloggen min
Når det gjeld klistremerker så har eg ikkje så mange tips, dessverre. Det er fordi eg nesten aldri har kjøpt det. Dei eg har kjem stort sett frå tilfeldige selgarar på eBay. MEN, kanskje http://minfargerikeverden.blogspot.com/ har nokre tips. Ho er god på klistremerker
Tilbakeping: Linda Johansen Nail Candy – Purple Haze | Vakker lakk – gjer meg blakk
Denne fargen var jo fantastisk fin
Tror nesten jeg er nødt til å kjøpe meg den. Nydelige bilder også
Tusen takk
Denne var helt magisk! Digger Linda Johansen
Ja, den er nydeleg. Og var tilogmed enkel å ta av att
Tilbakeping: Bareiselin » Nail Candy