Har jo skrive litt før om korleis ein kan endre ein lakk med pynt om ein byrjar å gå litt lei. Eg var ikkje lei den oransje lakken med stempelmønster på, men det klødde litt i fingrane etter å gjere noko likevel. Så eg valde å putte enda meir dekor på.
Gjekk altså frå dette:
Til dette:
Og då får ein jo eit heilt anna uttrykk. Eg syns det er så moro! Limte på nokre flate metalldingsar og voila!
Tok litt tid å lime på dette her. Altså, ikkje kjempelenge, kanskje eit kvarter. Men eg starta såpass seint at eg ikkje orka gjere det på begge hendene. Så høgre hand ser ut sånn som første biletet. Men kanskje eg treff på nokon eg kan snakke litt om neglepynt med. Då er det jo praktisk å ha to eksempler med seg slik at ein kan vise. Så kanskje det ikkje er så dumt




Stilig