Linda Johansen – Nail Candy

I går fekk eg ei pakke i posten. Den var frå Linda Johansen company og inneheld to neglelakkar, innpakka i fint lilla silkepapir.

Inni låg desse to lakkane:

For det viser seg altså at Linda Johansen har lansert sin eigen neglelakk som ho har kalla Nail Candy. Fabelaktig navn, det er jo slik eg ser på stort sett all neglelakk; som at det er snop for neglane.

Litt generell informasjon om Nail Candy kan du lese ved å klikke på denne linja. Kort oppsummert så er dette snill neglelakk som ikkje inneheld formaldehyd, toluen og DBP (dibutyl phalater). Lakkar som ikkje inneheld desse kjemikaliene beskrivest oftast som at dei er Big-3FREE.

Lakken eg fekk teste heiter Mardi Gras og er ifølge skildringa på nettsida: en sexy rosa-lilla-burgunder metallisk farge for deg som tør litt mer. Perfekt på korte negler og et mørkt antrekk. I flaska ser den faktisk litt metallisk ut, men eg ville personleg gitt ei anna skildring enn metallisk, de får sjå på bileta og avgjere sjølv.

Under påføring fulgte eg instruksjonane som fulgte med (ikkje at det er spesielle instruksjonar som må følgast), og påførte to tynne lag over base coat. Eg fekk ikkje med basecoat, så eg brukte ein av mine faste. Det fungerte fint. Lakken var OK å leggje. Personleg tykte eg kanskje kosten  var litt tynn, eg føretrekk nok kostar som er litt breiare. Men når det er sagt, så var det ikkje til vesentleg hinder. Pluss for at lakken tørkar fort mellom dei ulike lagene, noko som gjer at det går raskt å lakke.

Avslutta med eit lag Speedy Top Coat, som skal gi kortare tørketid og føre til at lakken heldt lengre. Topplakken var tynn og fin i konsistensen og veldig lett å påføre. På førehand var eg litt skeptisk til at den skulle vera hurtigtørkande, men då eg tok på den etter eit minutt var den “kontaktsikker”, og det vart ingen merker. Nok eit pluss der altså.

Førsteinntrykket av Nail Candy er altså godt. Førsteinntrykket av fargeutvalet er at det er fine, salongvennlege fargar. Samtidig som ein ikkje har gått i fella og laga 14 nyansar av rosa/raud og nokre få nudelakkar. Synest også det er fint at trenden med litt mauve- og taupe-fargar ikkje har gått Linda Johansen company hus forbi. Kanskje får me i framtida også nokre enda meir vågale fargar? Heile fargeutvalet kan du sjå her, og skulle du bli frista til å kjøpe deg nokre lakkar sjølv, kan du gjere det via samme side. Ein kan også kjøpe lakkane på TaxFree på Rygge og Torp flyplass, og heilt sikkert i Linda Johansen Beauty Lounge på Steen & Strøm i Oslo. Lakkane kostar 139,- (sannsynlegvis litt rimelegare på TaxFree) og inneheld 11ml.

Produkta er testprodukt frå produsenten.

Dette innlegget vart posta under Linda Johansen - Nail Candy og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

7 svar til Linda Johansen – Nail Candy

  1. Tilbakeping: Nail Candy – Nye herlige farger! | Linda Johansen

  2. Fin, litt annerledes finish på den. :)

  3. Tilbakeping: Linda Johansen Nail Candy – Yes, please! | Neglelakkmani

  4. Tilbakeping: 18 fine fargar for hausten | Vakker lakk – gjer meg blakk

  5. Tilbakeping: Linda Johansen Nail Candy – Purple Haze | Vakker lakk – gjer meg blakk

  6. k.k. seier:

    Hva består de ufarligere lakkene av?
    Hva er innholdet?

    • vakkerlakk seier:

      Eg kjenner dessverre ikkje til kva dei inneheld. Kanskje du kan henvende deg til Linda Johansen Skincare via lindajohansen.no og spørre der :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s