Ein dag eg tilbragte litt tid på eBay kom eg over nokre søte koreanske lakkar som eg bestilte meg. Ein av dei var ein lilla glitterlakk kalla Twinkling purple. Då eg fekk desse lakkane heim var dei enda meir glitrete enn kva eg hadde sett for meg! Veldig nøgd.
Det er litt vanskeleg å få fram på kamera kor mykje dei faktisk glitrar, men her er i alle fall forsøk:
Basefargen er lys lilla, og det aller meste av glitteret er lilla. Så er det i tillegg mykje sekskanta glitter som ser ut til å vera holografisk, og som skiftar farge alt etter kva vinkel ein ser det i. På eine naglen kom det til og med ei stjerne. Men det vart med den eine.
Eg har lakka den over eit lag med svart lakk. Mi erfaring er at glitterlakkar med fordel kan leggjast over andre lakkar, sidan dei er så tidkrevjande å fjerne. Det går litt raskare om du brukar ein annan basefarge.
Mrrr. For ein gladlakk! Fekk litt ESC-kjensle av denne.
Translate: Bought some random korean nail polish on eBay. Super sparkly nail polishes. This is one coat over a black base color. As you probably know, sparkle polishes is difficult to photograph. So just imagine it being a lot more sparkly IRL.

Dette var litt av et kupp
Utrolig nydelig!!
Fin! Wow, skikkelig glitrende, flaks med den!
Oii, denne var fin! Tror nesten jeg må investere i en slik en jeg også.
Kjøpte du flere av LUCIDarling lakkene?
Kjøpte gull og sølv også. Ein ekstra av gull-lakken. Tenkjer eg gir den vekk i ein giveaway på bloggen ein vakker dag