Catherine Arley 802 + 803

Så snart Catherine Arley-lakkane kom i hus fekk eg jo holografifeber og måtte teste med ein gang. Første lakk eg bestemte meg for å prøve  var nr 802 (ja, keisamt med lakkar utan namn, men dei var jo billege). Eg tykte den var veldig fin. Den har fin holografisk effekt, den er ikkje så holografisk at den omlag hoppar på deg. Enkelte hololakkar har jo den effekten, og det er fint til sitt bruk, men denne er meir dempa, men likevel holografisk (kjenner at eg har ein veldig god formuleringsdag i dag. not;) Dei av dykk som måtte vera oppteken av jobbvennleg neglelakk kan trygt bruke denne fargen.

 

I går fann eg ut at det var på tide å teste farge nr 803. Den er grøn. Litt oliven/mosegrøn (vanskeleg å setje ord på). Etter eit strøk var eg veldig skeptisk. Det virka som ein veldig lite flatterande farge til min hudfarge. Heldigvis betra dette seg betrakteleg etter andre strøk. Eg endte til slutt opp med tre strøk (kunne klart meg med to, var ikkje nevneverdig skilnad).

Generelt må eg seie at førsteinntrykket av Catherine Arley-lakkane er overraskande bra. Dei er veldig lett å påføre (i forhold til enkelte andre holografiske lakkar). Eg lakka dei over heilt vanleg baselakk (Opi nail envy). Kosten på desse lakkane er ganske mjuk. Dette kan virke litt uvant i starten, men ein blir fort vant og eg syns ikkje det påverka påføringa noko negativt. Trikset når ein lakkar med desse er kanskje å vera lett på handa.

Ei venninne testa ein CA-lakk i går og ho syns også den var lett å påføre.

Har du testa Catherine Arley-lakkar?

Translate: Showing a couple of my newly arrived Catherine Arley polishes. So far I am very exited with these, they are easy to apply and looks great. Have a nice holographic effect that is not too much. Looking forward to trying more of these.

About these ads
Dette innlegget vart posta under Catherine Arley, Holografiske lakkar og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

6 svar til Catherine Arley 802 + 803

  1. Elizabeth seier:

    Synes faktisk at grønnfargen var ganske stilig :)

  2. Ling seier:

    eg likte den grøne riktig godt :) bright!

  3. beamer seier:

    På andres bilder av disse lakkene har jeg ikke klart å se at de har vært særlig holografiske, men her vises jo effekten veldig tydelig :-) Likte begge, spesielt den grønne.

    • vakkerlakk seier:

      Forstår kva du meiner. Eg synest holoeffekten var større enn eg hadde forventa ut ifrå bileter eg har sett. Men trur også at det kan variere litt mellom dei ulike fargane. Den grøne her er meir holografisk enn den oransje, syns eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s