Typisk nok så gjekk kamera tomt for batteri då eg skulle fotografere denne lakken (ja, eg har to batteri for sikkerhets skuld, men ironisk nok var begge tomme). Så eg fekk berre tatt eitt bilete før kamera nekta meir. Og sidan eg har lovd Kia å swatche ein annan lakk snart, så måtte eg berre bruke det.

Dette er altså Make Some Noise frå Electropop-kolleksjonen som er årets vårkolleksjon frå China Glaze.
For ein deilig farge. Ikkje berre raud, ikkje berre rosa, ikkje berre oransje, men liksom ein fin miks av alle. Kan eg kalle den oransjerosa? Er det lov?
Dette er tre lag Make Some Noise med Seche Vite på toppen. Har du korte neglar kan du nok klare deg med to lag altså.
I dag har det faktisk vore plussgrader i Oslo, og då eg skulle på butikken i lunsjpausen så var det soool, så eg kunne ha solbriller på. Deilig!